13. november 2005 vart det halde ting for vikingar
på Helene Henriksen sin gard Gjerå i Løvikja,
Tresfjord.
Det vart bestemt å skipe eit vikinglag under namnet
Møre Frie Vikingar (MFV).
Til stades var: Helene Henriksen (gift med Skafti),
Skafti Helgason (gift med Helene),
Helgi Skaftason (son til Skafti), Sindre Skaftason (son
til Skafti og Helene),
Lilja Skaftadottir (dotter til Skafti og Helene), Edvard
Røkkum, Martine Røkkum (dotter til Edvard),
Margit Yndestad, Arve Yndestad, Ylva Herfjord og Nikolai
Bjørdalsbakke.
Desse vert vidare omtala som skiparar. Under skipingsmøtet
13. februar 2007 vart det bestemt å føye
til
Marte Alvestad, Eldar Hildre og Arve Strand blant skiparane.
Vedtekter for MFV
§ 1 Formål
MFV skal vere ein aktiv interesseorganisasjon for folk
med interesse for nordisk jernalder/norsk vikingtid.
MFV har som formål å spreie kunnskap om
vår nordeuropeiske historie frå jernalder/vikingtid.
Vi ønskjer å auke medlemmane sine kunnskapar
om alle sider ved dagligliv i nordisk vikingtid, som
handverk, kultur/folketru, musikk, mattradisjonar, idrett,
våpenbruk (til dømes gjennom vikingkampgruppe)
osb. Vi ønskjer å synleggjere laget ved
å delta på marknader, festivalar og andre
arrangement innan vårt nedslagsfelt, samt halde
kurs/seminar o.l.
§ 2 Organisatorisk tilknyting
MFV er ein frittståande, sjølveigande
“non profit” interesseorganisasjon utan
religiøs eller partipolitisk tilknyting. MFV
er innstilt på å søkje samarbeid
med liknande lag og organisasjonar som til dømes
andre vikinglag, historielag m.m., lokalt og nasjonalt
så vel som internasjonalt. MFVs sete er i Møre
og Romsdal, Norge.
§ 3 Oppbygging og styring av
laget
§ 3-1 Medlemmer i laget
Alle som er interesserte i nordisk jernalder/norsk
vikingtid og som aktivt ønskjer å delta
og yte ved aktivitetar som laget driv med kan bli tatt
opp som fullverdig medlem som viking (fri kvinne/fri
mann) etter ei prøveperiode på minst seks
månader som byrding. Ein kan bli byrding ved å
sjølv søke laget om prøvetid.
Rådet behandlar søknader om å bli
byrding. Opptak som viking skal vedtas av eit fleirtal
av fullverdige medlemmar på ein av solfestane
(jamdøger og solkverv). Opptak skal førast
i tingboka. Vi ønskjer denne ordninga for å
sikre seriøs søking til laget.
Alle stiftarar som deltok på ting i Løvikja
13. november 2005, samt stiftarar som er lagt til ved
skipingsmøtet 13. februar 2007 er unntatt frå
denne paragrafen. Desse er lista som skiparar.
§ 3-2 Administrasjon av laget
MFV skal ha eit råd (styre) som står for
laget sine generelle administrative oppgåver.
Rådet skal veljast demokratisk mellom laget sine
fullverdige medlemmar, og alle fullverdige medlemmar
kan veljast til rådet. Eit råd vert vald
for eitt år om gongen på tinget som skal
haldast ein gong om året. Høvdingen skal
veljast for eitt år, medan dei andre verva kan
veljast for ei lengre periode.
§ 3-3 Råd og verv
Rådet er MFVs høgste organ mellom ting,
og skal i kraft av sine verv
1. Administrere laget sin økonomi
2. Utarbeide budsjett og rekneskap
3. Ha ansvar for laget sin felles eigedom (utstyr o.l.)
4. Ha ansvar for korrespondanse
5. Organisere ting og andre samlingar (som fest ved
merkedagar o.a.)
6. Arrangere kurs o.l. i regi av laget
7. Ta seg av andre administrative oppgåver som
laget ser som rimelig å leggje til rådet.
Rådet skal minst innehalde verv som:
Høvding (styrar)
Jarl (nestleiar)
Skrivar (sekretær)
Bodbærar (PR-ansvarleg)
Kjøkemeister (arrangementsansvarleg)
Læremeister (kursansvarleg)
2 vararepresentantar
2 medlemmar til valkomité
Rådet skal halde rådssamlingar når
høvdingen eller eit fleirtal av rådets
medlemmer krev det.
Høvdingen er ordstyrar under rådssamlinga.
Det skal førast ei eiga rådsbok på
desse møta.
Rådet er vedtaksført når eit fleirtal
av rådet sine medlemmer er til stades på
rådssamlinga.
Vedtak skal gjerast etter avstemming og med fleirtal
av røystene.
Ved likt tal på røyster tel høvdingen
si røyst dobbelt.
§ 3-3-1 Val av råd
Råd kan normalt berre veljast på ting eller
om nødvendig på ekstraordinært ting.
Kasting av rådet mellom ting kan berre gjerast
på ekstraordinært ting ved avstemming
med to tredelers fleirtal av gyldige røyster.
Fullverdige medlemmar av MFV kan gjere framlegg om
og verte kandidatar til verv i rådet.
Valbare kandidatar skal gjerast kjende for alle røysteføre
medlemmar,
og det vert halde val ved røysting på dette
viset:
Det blir avgjort stad til valplass, og ein set ned
ei merkestong.
Fullverdige medlemmar går fram til merkestonga
når det skal stemmast inn verv.
Den valde legg av eid ved å halde i merkestonga.
§ 3-4 Røysterett
Alle fullverdige medlemmar har røysterett på
ting,
ved val av råd og ved andre avgjerder som rådet
bestemmer at det skal røystast over.
Ingen har meir enn ei røyst, og røysting
kan ikkje skje ved fullmakt.
§ 3-5 Ting
Ting (årsmøte) skal haldast kvart år
i Haustmánuður, altså mellom 15. september
og 13. oktober.
Tinget er MFVs høgste organ.
Rådet kallar inn til ting med minst ein månads
varsel, direkte til medlemmane eller ved kunngjering
i pressa. Saker som skal gjennomgåast på
ting må vere innsende til rådet skriftleg
minst to veker før ting.
Fullstendig saksliste skal førast og må
vere tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før
ting.
Alle fullverdige medlemmer har høve til å
delta på ting med tale- og røysterett.
Byrdingar har høve til å delta med talerett,
men har ikkje røysterett.
Andre personar og instansar kan inviterast til å
vere til stades som gjestar.
Det skal veljast ordstyrar som skal leie tinget.
Det skal førast ei eiga tingbok.
I denne boka skal det også førast opptak
av byrdingar og vikingar gjennom året.
Tinget er vedtaksført med det tal røysteføre
medlemmar som møter.
På tinget kan det ikkje handsamast framlegg om
vedtektsendringar som
ikkje er oppførte på sakslista seinast
ei veke i førevegen.
Tinget skal:
1. Godkjenne innkalling
2. Gjennomgå lagets årsmelding
3. Gjennomgå lagets rekneskap i revidert stand
4. Gjennomgå innkomne saker etter saksliste og
evt. gjennomføre røysting over desse
5. Fastsette kontingent for kommande år.
6. Velje råd for kommande år. Benkeforslag
vert godtatt.
§ 3-6 Ekstraordinære ting
Ekstraordinære ting kan haldast når rådet
bestemmer det,
eller minst to tredeler av dei røysteføre
medlemmane krev det.
Innkalling skal gjerast på same måte som
for ordinære ting, med minst 14 dagars frist.
Ekstraordinært ting kan berre handsame og vedta
dei sakene som er kunngjort i innkallinga.
§ 4 Kontingent og andre kostnadar
Kontingenten skal fastsettast av rådet på
ting og betalast i løpet av førstkommande
Þorri, altså mellom 13. januar og innan
utgangen av februar.
Vikingar over 16 år betaler full kontingent.
Vikingar under 16 år reknast som barn, og betaler
halv kontingent.
Familiemedlemskap omfattar foreldre samt barn under
16 år.
Medlemmar som skylder kontingent for meir enn eitt
år har ikkje røysterett eller andre rettar
i laget,
og rådet kan stryke dei som medlemmar.
Om eit medlem vert stroke kan det ikkje takast opp att
før skyldig kontingent er betalt.
Medlemmet vil behalde sin opphavlege status ved gjenopptaking.
§ 5 Vedtektsendring
Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast på
ordinært eller ekstraordinært ting etter
å ha stått på sakslista, og det vert
kravd to tredeler av dei gjevne røystene.
§ 6 Oppløysing (§
6 kan ikkje endrast)
Oppløysing av MFV i den form laget er skildra
i dette skrivet kan berre handsamast på ordinært
ting.
Vert oppløysing vedteke med minst to tredeler
av røystene skal det kallast inn til ekstraordinært
ting
tre månader seinare. For at oppløysinga
skal skje må vedtaket her gjentas med to tredelars
fleirtal. Siste ekstraordinære ting fordeler eventuelle
midlar til verdige trengande.

Kart